Vinnar av ONS sin innovasjonspris 2022

Rubbestadneset
Foto: Stein Erik Vorland, Mads Andreas Sele, Jon Inge Buli, Deanne Fossedal, Egil Hystad, Morten Tveit og Jane Jünger. Alle jobber i Wärtsilä på Bømlo eller Stord.

Wärtsilä med partnarar er tildelt årets Innovasjonspris på ONS 2022 (Offshore Northern Seas) i Stavanger for sitt Demo2000 forsknings- og utviklingsprosjekt der me testar grøn ammoniakk-drift av ein tradisjonell forbrenningsmotor.

Testinga skjer i tett samarbeid med partnarane Repsol, Equinor, Knutsen OAS i Sustainable Energy Catapult testsenteret på Stord, og er finansiert av Norsk Forskningsråd, skriv kommunikasjons- og marknadssjef i Wärtsilä Norway, Jane Junger, i ei pressemelding.

Prisen blei delt ut under «Nordsjø-konferansen» på ONS (Det som tidlegare vart kalla oljemessa) og det var olje- og energiminister, Terje Aasland, som leia utdelinga.

I juryen sin uttale står det: «Hovedmålet med ONS Innovation Award / Innovasjonspris / er å heidra selskap som har gjort ein unik innsats for å endra, forbetra og erstatta noverande løysingar som kan gjera energibransjen meir bærekraftig og konkurransedyktig i framtida. Å erstatta fossilt brensel, utvikla rimelege fornybare energikjelder eller kutta utslepp i eksisterande prosessar er alle viktige brikker i dette puslespelet.

Årets vinnar utviklar teknologi med ei global rekkjevidde, men med Nordsjøen som første testmarknad. Dei samarbeider tett med partnarar om fleire initiativ; ved å utvikla ny teknologi, men også gjennom tiltak som er avgjerande for å få teknologien til å bli kommersialisert og tatt i bruk.

Med fleire banebrytande initiativ pressar årets vinnar på for å redusera utsleppa frå den maritime sektoren. Innan 2050, for å nå IMO (International Maritime Organisation) sine mål om reduserte utslepp, må 80 prosent av verdas handelsflåte vera fri for CO2-utslepp.

Målet med årets vinnarprosjekt er å demonstrera korleis grønt drivstoff kan nyttast i forbrenningsmotorar for kraftproduksjon i dagens skip og offshoreinstallasjonar, og me, juryen for ONS Innovation Award, finn prosjektet til Wärtsilä for å dekarbonisera skipsfarten og avsidesliggjande kraftroduksjon med grøn ammoniakk, som ein verdig vinnar av årets Innovasjonspris».

ONS sin innovasjonspris blir delt ut for å anerkjenna innovasjon som kan ha stor innverknad på utviklinga av ulike nye teknologiar knytt til energiproduksjon og bruk av denne. Den første prisen blei delt ut i 1982. I år hadde juryen motteke 100 søknadar frå 13 ulike nasjonar. Wärtsilä fekk prisen i kategorien for store selskap.

Award3_wartsila ons.jpg

Bilettekst: Egil Hystad tek i mot prisen frå olje- og energiminister Terje Aasland.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no