Snøggbåttilbodet i Sunnhordland må styrkjast – ikkje svekkjast

Rubbestadneset
Foto: Nils-Tore Sele

Snøggbåten er eit særs viktig framkomstmiddel for innbyggjarar og næringsliv i Sunnhordland, inkludert medlemsbedriftene til Bømlo Næringsråd. For tida er tilbodet ein avgjerande faktor for fleire medlemsbedrifter ved gjennomføring av strategiske og viktige kunde- og bedriftsbesøk.

Overnattingskapasiteten i Sunnhordland er sprengt, og gjester til mange av bedriftene overnattar for tida i Bergen, før dei tek båten tur/retur Rubbestadneset for å delta i møter. I tillegg er båten det einaste bilfrie alternativet me har nordover til fylkeshovudstaden, og eit viktig framkomstmiddel for mange. Til dømes foreldre som føl barn til spesialisthelsetenester sentralisert til Bergen, skuleelevar som føl fylkeskommunale utdanningsløp i regionen, dei mange tilsette i bedriftene våre som skal ut på reiseoppdrag og tilsette som skal mobilisere frå Bekkjarvik, Flesland eller Bergen hamn.

Snøggbåten gjer arbeidet med å få jobb til to enklare i vår kommune. Me har døme på fleire par som flyttar til Bømlo, der den eine får jobb i Sunnhordland, og den andre pendlar til jobb med båten til Bergen. Båttilbodet mogleggjer òg at folk busett i Bergen enkelt kan pendle til jobb på Bømlo, og heim att same dag. Med ein reduksjon i snøggbåttilbodet risikerer me å miste både moglege tilflyttarar og kompetanse til byen.

Siste året har næringslivet på Bømlo finansiert arbeid med tilflyttarstrategi for Bømlo. Her er mobilitet, inkludert forflytting inn og ut av kommunen, blitt løfta fram som eitt av dei viktigaste satsingsområda som må forbetrast om ein skal lukkast med auka tilflytting, og arbeide mot dei negative folketalsframskrivingane lagt fram av SSB. Dette er løfta fram av stadsutviklarane som har laga strategien, men òg dei 1 279 respondentane som har svara på ei undersøking me har gjennomført blant fastbuande og potensielle tilflyttarar til kommunen.

Det er verdfullt for Vestlandet og Noreg å arbeide for auka tilflytting til distrikta ved å gjere distriktskommunar og regionar som Bømlo og Sunnhordland meir attraktive å bu i. For sidan den første industriarbeidsplassen vart etablert på Sokkamyrå på Langevåg 10 000 år før Kristus, har næringslivet her gang på gang demonstrert at dei klarar å omstille seg i forhold til endringane som skjer rundt oss. Det gjer dei framleis, og denne omstillingsevna er heilt sentral i det grøne skiftet. Me har i dag fleire bedrifter som er verdsleiande med sine produkt og tenester innan berekraft og grøn teknologi, med kundar over heile verda.

Fylkeskommunen bør difor legge til rette for at Sunnhordland er i stand til å vere med og dra i front på omstillinga verda står inne i framover òg. Men då treng me kompetanse og nærleik til tilbod i omkringliggjande kommunar, og til fylkeshovudstaden Bergen. Dette krev ei styrking av snøggbåttilbodet i regionen. Me treng ei auke i avgangar som gjer at me kan byggje kommunane i Sunnhordland tettare saman, både som bu- og arbeidsregion og som reiselivsdestinasjon. Og me treng fleire avgangar til og frå Bergen. Som til dømes ein avgang som gjer det mogleg å jobbe i Bergen, og hente ungar i barnehagen i Sunnhordland før 16.45.

Me har samstundes forståing for at snøggbåttilbodet er kostbart, og at fylket sin økonomi er pressa. Bømlo Næringsråd ber difor i denne omgang om ro til å fortsette arbeidet med å gjere vår region til ein meir attraktiv stad å bu, ved å halde på det snøggbåttilbodet me har i dag. Så ønskjer me deretter å få til samarbeidsprosjekt mellom fylke og næringsliv her i regionen, for å utvikle framtidige mobilitetsløysingar som gjer meir effektive og kostnadseffektive tilbod for forflytting både internt i Sunnhordland og til/frå Bergen.

På vegne av næringslivet på Bømlo,

⁠Nina Ingvaldsen
Dagleg leiar Bømlo Næringsråd

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no