Masterloop kjøpt opp av NAVTOR
I 2021 flytta Jan Helge Skailand til Bømlo ogtok med seg bedrifta si Masterloop. Selskapet driv programvareutvikling inn mot maritim næring, og har mellom anna utvikla ein plattform for energioptimalisering for farty (Bluekey). Masterloop har óg utvikla andre løysingar, som ei løysing for utleige av syklar og app-en til Finnås Kraftalag. No har NAVTOR kjøpt programvareselskapet Masterloop som ein del av sin vekststrategi.
Med ein solid portefølje innan IoT (Internet of Things), AI og web-løysingar vil Masterloop styrkje NAVTOR sitt innovasjons- og utviklingsteam. Framover vil NAVTOR fokusere på datadriven effektivtet, yting og dekarbonisering for kundar, ved å integrere fleire løysingar inn i eit samankopla, digitalt økosystem. Masterloop har utvikla og levert en IoT-plattform som vert brukt på mange ulike område. Denne får no NAVTOR ubegrensa tilgang til, i tillegg til kompetansen for vidare utvikling.
- Masterloop blir ein del av det digitale puslespelet til NAVTOR, der me skal arbeide vidare med å gjere livet enklare, tryggare og meir lønnsamt for shippingselskap over heile verda, seier Tor Svanes, grunnleggjar og CEO i NAVTOR. - Selskapet sin styrke innan IOT og maritim forståing, understøtta av Bluekey-plattforma Masterloop har utvikla, vil styrkje portefølja til NAVTOR innan intelligente, databaserte AI-løysingar som vil forenkle komplekse operasjonar innan maritim industri.
Frå CEO Tor Svanes: “Masterloop brings something new to the table, with fresh perspectives and broad experience gained from outside of shipping too. We believe they can help accelerate our innovation, as we push to deliver transformational technology for an evolving industry. It’s great to have them on board.”
Siste nyhende
Siste nyhende frå bedriftene på Rubbestadneset.
Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!